Automasjon
Ose & Aarseth er totalleverandør av automasjonstenester.

Robot
Robot er eit samlebegrep på industristyringar. Ein Robot skal erstatte menneske i tunge, slitande og farlege arbeidsoperasjonar. Vi tilbyr ulike typar industrirobotar, skreddarsydde til dei fleste behov.

Bygg
Vi kan levere klima, varme og ventilasjonsstyringar for bygg. Ei gamal styring kan erstattast med ei ny PLS basert styring tilkopla skjermstyring. På denne måten kan huseigar overvake systemet med eit enkelt grafisk brukargrenssnitt. Ved hjelp av ein logg kan ein no lese når og korleis eventuelle feil skjer.

Skjermstyring
For lettare bruk av automasjons løysingar. Her kan kunden i eit enkelt Windows grensesnitt ha full oversikt og kontroll over systemet. Føre logg, som igjen kan overførast til Excel for vidare bearbeiding.

Ved alarmer vil det dukke opp eit vindauge på skjermen. Dette fortel grunnen til alarmen og korleis ein kan løyse problemet som har oppstått.
Alarm kan og sendast over mobilnettet, alt frå melding om alarm som har gått, produksjon i dag osb. Ved hjelp av WAP kan og heile systemet fjernstyrast.

For framdriftsstyringar på båtar, kan ein om ynskjeleg, drive vedlikehald via satellitt. På denne måten kan ein kommunisere over heile kloden. Kort sagt,- uendelege mogelegheiter.

Tavle produksjon
På vår tavleverkstad monterer vi tavler og styreskap både for eigne produkt og installasjonsoppdrag. Vi leverer til installatørar og andre oppdragsgivarar.

Sentral Driftskontroll
Mange bedrifter har fleire hundre tusen i energikostnadar kvart år. Det kan ofte vere lønsamt å studere kva desse pengane går til.

Vi finn ofte:
- Varme som står på om sommaren.
- Utandørs kablar som står på heile vinteren (Trengs berre ved snøvêr)
- Nattsenking som ikkje verkar.
- Koblingsur som er ute av funksjon.
- Dårleg inneklima.
- Korte effekttoppar som gir høg avgift.
- Anlegg som går unødig.

Forbruket kan kontrollerast:
Eit driftskontrollanlegg gir sentral styring med det meste.
Det tek hand om energibruk, effektuttak, inneklima og tekniske anlegg.

Kven kan nytte ein driftskontroll?
Vårt firma installerte i første halvdel av 90-talet rundt 10 driftskontroll anlegg ved skular og kontorbygg. Dei var stort sett inntente på eitt til fire år, samtidig som inneklima vart betra. Vaktmeister fekk samtidig frigjort arbeidstid. Vi meinar også mange industribedrifter har betydelege sparemulegheiter. Dette er særleg aktuelt ved stigande straumprisar og lokalt gjennom Tussa og Volda Industrilag sitt fokus på effekt.

Referanse
Industrilaget peika ut Volda Industri som pilotprosjekt sidan produksjonen er svært allsidig. Ved hovudbygget vart energiforbruket redusert med 20 prosent trass i ein kald vinter og effektuttaket ser ut til å verte redusert med ca 40-50 KW. Samtidig er inneklima betra ved fleire avdelingar. På sikt er det potensiale for ytterlege reduksjonar sidan anlegget registrerar kvar energien vert brukt og korleis temperaturane endrar seg. Ein ser til dømes at ei dårleg isolert avdeling kan nytte mykje energi, eller at nattsenking ikkje skjer grunna bivarme andre stadar. Anlegget vil truleg verte nytta til feilmeldingar og til dokumentasjon, til dømes ved logging av luftfukt på treavdelingane.

Fasekompensering
Snart må du betale for ditt reaktive forbruk, dvs. bedrifter med store kompressorar, elektriske maskiner, kjøleanlegg, ventilasjon, osv. Kort sakt bedrifter med mange el-motorar. Får muligheit til å redusere sitt straumforbruk.

Korleis kan ein gjere det?
Ved fasekompensering så vil du redusere din reaktive effekt, under Tussa Nett AS sitt krav og den reaktive effekt vil falle bort, forbruket vært redusert. Tar du kontakt med oss så kan vi måle din reaktive effekt og berekne kva du vil spare på vår fasekompensering.

Framdriftsstyring for båt
Framdriftsstyring for båtar er eit av produkta som vi har utvikla i dei seinare åra. No er Finnøy gir og propellar, Mekanord og Siemens våre store kundar. For meir informasjon om styringa gå til www.control.as


Adr: Indrehovdevegen 67
6160 HOVDEBYGDA
Tlf: 700 49 300
Fax: 700 49 301

Send e-post